Under 2 prosent har korona-antistoff i blodet

Blodprøver frå ei ny gruppe med 480 personar bekreftar at det er under 2 prosent som har antistoff mot koronavirus i blodet. Dette tyder på at det berre er ein liten del av befolkninga som har vore smitta med koronavirus.

Foto: Shutterstock

Det er uvisse om kor mange som har vore smitta av koronaviruset i Noreg. Antistoffundersøkingar kan gi informasjon om dette, fordi antistoff er teikn på gjennomgått infeksjon, i motsetning til ein PCR-test (sjå nederst i artikkelen).

Så langt tyder data på at dei aller fleste som gjennomgår koronavirusinfeksjon (covid-19), dannar antistoff mot dette viruset.

– I vekene framover kjem vi til å fortsette å teste grupper med tilfeldig utvalde personar frå MoBa. Hensikta er å kunne følge med på spreiinga av koronavirus i den generelle befolkninga, seier prosjektleiar Per Magnus, Folkehelseinstituttet.

Undersøkingane blir gjennomførde i samarbeid med Oslo universitetssjukehus. Analysane av antistoff er gjort med ein test utvikla av ei forskargruppe under leiing av Fridtjof Lund-Johansen og Jan Terje Andersen på avdeling for Immunologi og transfusjonsmedisin ved Oslo universitetssjukehus (OUS). Dei har undersøkt antistoffresponsar mot ulike virusprotein og samanlikna metoden med kommersielle testar som er under utprøving ved avdeling for mikrobiologi ved OUS, og alle testane peikar i same retning. 

Trykk her for å lese hele saken på Folkehelseinstituttets hjemmeside.