HELSENORGE
Kirurgisk dagavdeling

MR av barn

MR er ei forkorting for magnetisk resonans. Under ei MR-undersøking ligg den som vert undersøkt i eit svært sterkt magnetfelt og det blir sendt radiofrekvente signal gjennom kroppen. Desse signala nyttar MR-maskina til å lage digitale bilete. Det er inga form for røntgenstråling med ein MR.

Innleiing

MR vert nytta i undersøkingar der andre diagnostiske metodar er utilstrekkelege eller som supplement til andre metodar. MR-undersøking gir spesielt god framstilling av forandring i muskulatur, bindevev og sentralnervesystemet. I tillegg kan MR framstille sjukdomsforandringar i skjelettet, hjarte, bryst, blodårer, urinvegar og bukorgan, inklusive tarmsystemet.

Tilvising og vurdering

Tilvising frå lege på sjukehuset eller primærhelsetenesta.

Før

Førebuing heime

Ved narkose må barnet faste på førehand. Barnet må ikkje ete, drikke, ta medisin eller suge på pastill.

Kor mange timar faste avhengar av barnets alder (store barn frå kl. 24:00, og små barn frå kl. 04:00).
 
Ved narkose vert faste medisinar gitt etter undersøkinga. 
Unntak: astmamedisin, epilepsimedisin og nokre gongar hjartemedisin.

På grunn av det sterke magnetfeltet må sjukehuset eller tilvisande lege på førehand vite om barnet har:
 
  • Pacemaker
  • Er operert i hjerne, auge, øyre eller hjarte
  • Operert inn metall i kroppen (klips på blodkar i hovudet)
 
Ut frå desse opplysingane vurderer radiologen om undersøkinga kan gjennomførast.
 
Før undersøkinga må alle lause metallgjenstandar, klokke og andre verdigjenstandar leggast i ei oppbevaringsboks. Dei kan ikkje vere med i undersøkingsrommet, då dei kan bli øydelagde av magnetfeltet.
 
Høyreapparat kan bli påverka av magnetfeltet og må fjernast før undersøkinga.
 
Når barnet kjem på sjukehuset får han/ho innlagt ein veneflon
Det blir gitt ein bedøvingskrem på førehand for at det ikkje skal gjere vondt.

For alle barn som har kjent nedsett nyrefunksjon skal det gjennomførast nyrefunksjonsprøver før dei vert tilviste til undersøking.

Ved behov kan barnet få roande medisinar før narkosen. 

Under

Barnet vert frakta til undersøkinga i seng og har på sjukehusklede. Mor og far følger med.

Under undersøkinga ligg barnet på eit bord som blir ført inn i ei rørforma maskin som er open i begge endar.
 
Medan fotograferinga pågår høyrest ein bankelyd i maskina. Barnet får på seg øyreklokker som dempar bankelyden.
 

Narkose

Grunnen til at barnet blir lagt i narkose er at ein må ligge heilt stille over tid. 
Når bileta vert tatt går MR-peronalet ut av undersøkingsrommet, men dei kan sjå og følge med på barnet gjennom eit vindauge og via kameraovervåking. Anestesilege og sjukepleier vil vere til stades under heile undersøkinga i lag med barnet. 
 
Varigheita vil variere avhengig av kva som skal undersøkast, frå 30 til 60 minutt. 
Med førebuing til narkose vil heile undersøkinga ta frå ein til to timar. 

Etter

Barnet må overvakast etter undersøkinga til det er vakent, har fått i seg drikke/mat og har tissa. 

Biverknader etter undersøkinga er oftast på grunn av narkosen. 
Nokre kan verte kvalme, men dette går som regel fort over. Barnet kan få medisinar for dette.

Resultatet av undersøkinga

Bileta vert granska av ein radiolog som lagar ein skriftleg rapport av kva bileta viser.
Rapporten vert sendt legen som sendte barnet til MR innan ei til to veker.
Bileta og rapporten vert lagra i datasystemet vårt.

Er barnet innlagt på sjukehuset vil resultatet av undersøkinga blir gitt av legen dagen etter.  

Ver merksam

Det kan vere nødvendig å gi MR-kontrast i ei blodåre i arma ved nokre tilfelle. MR-kontrast gir sjeldan biverknader i form av allergiske reaksjonar. Ein kan oppleve å bli varm under undersøkinga. Dette er ikkje vondt. Denne kjensla gir seg når undersøkinga er over.

MR-undersøking og bruk av kontrastmiddel

For barn med sterkt redusert nyrefunksjon kan det oppstå alvorlege biverknader etter bruk av MR-kontrast.  Det vert tatt særlege omsyn til denne pasientgruppa. 
MR-kontrast kan ein gi der det er nødvendig å påvise sjukdomtilstandar, etter nøye medisinsk vurdering.

 

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Internett

​Internett på Rikshospitalet

Det er fri, kodeløs internettilgang på sykehuset.

Biblioteket har en PC med internettilgang som er tilgjengelig for pasienter/pårørende.

Kart over Rikshospitalet

​Kart over Rikshospitalet

Tolk

​Tolketjenester ved Oslo universitetssykehus

Sykehuset ordner med kvalifisert tolk til pasienter som ikke snakker norsk. Tolketjenester er gratis for pasienter. Pårørende skal ikke tolke på sykehuset.

Les mer om tolk og Tolkesentralen.

Praktisk informasjon

Internett

​Internett på Rikshospitalet

Det er fri, kodeløs internettilgang på sykehuset.

Biblioteket har en PC med internettilgang som er tilgjengelig for pasienter/pårørende.

Kart over Rikshospitalet

​Kart over Rikshospitalet

Tolk

​Tolketjenester ved Oslo universitetssykehus

Sykehuset ordner med kvalifisert tolk til pasienter som ikke snakker norsk. Tolketjenester er gratis for pasienter. Pårørende skal ikke tolke på sykehuset.

Les mer om tolk og Tolkesentralen.

Fann du det du leita etter?