Avstandsbehandling og feedbacksystem

I ein krevjande Korona-situasjon der fleire må få behandlingssamtalar på avstand, for eksempel over telefon, kan feedbacksystem som Norse Feedback vere til særskild nytte. Vi har intervjuet gründeren Christian Moltu.

Christian Moltu, psykologspesialist/PhD ved Helse Førde og professor II ved Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen

I ein krevjande Korona-situasjon der fleire må få behandlingssamtalar på avstand, for eksempel over telefon, korleis kan feedbacksystem som Norse Feedback vere til særskild nytte?
– Det er mange, både pasientar og behandlarar, som er bekymra i møte med det som skjer no. Telefonsamtalar er vanskelege for mange – vil eg klare å formidle det som er viktig? Og – som vi sikkert kan kjenne oss igjen i alle som ein – alle samtalar mellom folk handlar jo om Korona for tida. Det er naturleg, men for ein som står i ein veldig krevjande situasjon vert spørsmålet gjerne – er det plass til dette no? Skal samtalen med behandlar på telefon bli enda ei påminning om at det er noko anna enn rusvanskar som opptek alle mest no for tida? Vil behandlar klare å konsentrere seg om det arbeidet vi gjer saman, no som alt er så uroleg? I møte med dette opnar gode tilbakemeldingssystem for fokus på korleis ein har det på innsida, kva ein meistrar og kva som er vanskeleg, ein god inngang som kan skape eit rom for at telefonsamtalen med behandlaren kan bli noko anna enn alle dei andre samtalane. Ein som handlar om den enkelte sin individuelle tilfriskningsprosess. I forskinga på pasientopplevingar ser vi dette – å gi tilbakemelding før ein samtale gir fokus på det som er relevant, og gjer både pasient og behandlar klar til å snakke om dette – og ikkje alt det andre.

– Korleis kan vi følgje opp pasientar i telefon og videosamtalar generelt – og korleis kan vi bruke tilbakemeldingar gjennom Norse Feedback klinisk?
– Ein viktig del av å få telefonbehandling til å vere nyttig handlar om å få eit felles fokus. Når behandlar har eit bilete framfor seg som viser pasienten sine tilbakemeldingar visuelt, så veit både pasienten og behandlaren at dette er der. Det gir ein tryggleik som vi til vanleg får på mange måtar. Ansikt-til-ansikt får vi så mykje informasjon gratis – vi kan sjå på kvarandre og vite mykje om kva den andre står i. Behandlingsrommet – som ofte er det same frå gang til gang – gir også ei trygg ramme og eit fokus for det som skal skje. På telefon eller video er dette vanskelegare. Men når begge veit at pasienten har fått formidla seg heilskapleg gjennom tilbakemeldingsinstrumentet så gir det ei større ro. Det er noko som er delt allereie – og ein kan gå meir rett på det som pasienten treng å bruke tid på. Og behandlar kan vere meir aktiv – ta opp ting og spørsmål som kjem av tilbakemeldinga.

– Vidare er det noko som mange naturlegvis er redd for no – at ein skal falle ut av systemet, på grunn av at behandlar vert sjuk eller at Korona fører til at folk på behandlingsstaden vert opptekne med andre oppgåver. At ingen skal vere vitne til korleis det går med ein, og kva ein strevar med. I møte med dette er det også viktig med tilbakemeldingar i eit digitalt system. Dette kan sikre at klinikken veit korleis det går med heile den gruppa med pasientar dei skal hjelpe. Norse Feedback kan for eksempel gi teamleiarar eller ei behandlargruppe beskjed dersom det begynner å bli ekstra vanskeleg for nokon, ut frå kva dei har rapportert sjølv. Eller kven det går bra med. Og dersom nokre behandlarar då er vekke med Korona-sjukdom i ein periode, kan dette hjelpe oss å sikre at den som slit vert lagt merke til likevel.

Kva for erfaringar har klinikarar med bruk av feedbacksystem i desse krisetidene?
– Krisetidene er enno nye – det må seiast. Ein jobbar hardt og raskt med å gjere seg erfaring med korleis ei slik utstrakt avstandsbehandling skal fungere. Mange behandlarar synest også det er krevjande å skulle gå over til telefonkonsultasjonar – for ikkje å snakke om korleis ein skal tenkje om tilbakemelding frå pasientar sin gode bruk i dette. I ein slik situasjon som vi er i no må alle vere litt ekstra omstillingsdyktige. Vi i Norse Feedback jobbar med opplæring i klinisk bruk, og vil gjere tilgjengeleg videoressursar og rask opplæring for dei som enda ikkje har brukt Norse Feedback, men som ønskjer å bruke det som ledd i arbeidet med å gjere avstandsbehandlinga så god som mogleg. Norse Feedback er laga med eit kjempefokus på brukarvennlegheit – spesielt på pasientsida. Pasientar får ei tekstmelding med ei lenke som er heilt unik til kvar tilbakemelding, i forkant av avtalen. Ved å trykke på denne kan ein rapportere korleis akkurat ein sjølv har det, utan noko pålogging eller noko som skaper teknologisk trøbbel.

– Korleis kan Norse Feedback bli tilgjengleg for bruk raskt for pasientar og behandlarar som ønskjer eit ekstra hjelpemiddel for å sikre god behandling – men som ikkje allereie har ein lisensavtale med Norse Feedback?
– Norse Feedback ønskjer å vere tilgjengeleg for alle som treng å bruke det i løysinga av den oppståtte krisa. Vi snakkar med dei ulike aktørane som er ansvarleg for dette nasjonalt om korleis systemet kan opnast for alle instansar raskt dersom ein ønskjer det. Nokre helseregionar har allereie Norse Feedback integrert med journalsystem – for desse vil det berre vere å skru på for fleire klinikkar i regionen. Dei som ikkje har dette utgangspunktet kan få tilgang på andre måtar, for eksempel gjennom at pasientar registrerer seg sjølv og kor dei høyrer til i behandlingsapparatet gjennom BankID.

Se også: