Familieambulatoriet i Helse Fonna

Familieambulatoriet i Helse Fonna er et lavterskeltilbod som består av et tverrfagleg team med jordmor, pedagog, sjukepleier, barnelege og psykolog. Tilbodet skal nå gravide og småbarnsfamiliar der ein eller begge foreldra har eller har hatt eit problematisk forhold til rusmidlar eller har utfordringar på grunn av psykiske vanskar.

Familieambulatoriet held til i Haugesund.

– Vår fremste oppgåve er å hjelpe barna gjennom å styrke foreldra sin omsorgskompetanse og tidlegast mogeleg avdekke eventuell skeivutvikling hos barna, seier funksjonsleiar Kjersti Nygaard Bårdsen (spesialsjukepleiar) og pedagog Solveig Haraldseid ved ambulatoriet. 
– Vi kan følgje familien over lengre tid, om naudsynt fram til skolestart. Ved at teamet er til stades kontinuerleg motverkast glipp til dømes i overgangar mellom institusjon til eigen bustad.  

Gode rutinar på førehand

Familieambulatoriet i Helse Fonna vart formelt oppretta i 2014 mellom anna med midlar frå den nasjonale satsinga «Barn som pårørende». Åra i før hadde føretaket laga rutinar og faglege samarbeidsfora knytt til graviditeter der barn har vore eksponerte for LAR-legemidlar. Mellom anna var ei tiltakskjede oppretta for oppfølging av gravide med høg rusmiddel- og medikamentbruk. Denne tiltakskjeda er framleis aktiv.

Eksternt arbeid

I tillegg til den kliniske verksemda, var mandatet til ambulatoriet óg å arbeide med å førebu kommunale tenester og anna hjelpeapparat som brukarane er i kontakt med, på oppfølging av målgruppen.  I dei seinaste åra har denne oppgåva vore  løyst mellom anna ved at teamet arrangerer årlege FAS/FASD- seminar for aktuelle faggrupper i helseføretaket, kurs i NBO (Newborn Behavioral Observation) for deltakarar få første- og andreline-tenester. Dei gjer veiledning i trygghetssirkelen (COS) og opplæring i ADBB (Alarm Distress Baby Scale) samt diagnostiseringskurs for spesialister.

Røter i somatisk helse

Organisatorisk er ambulatoriet plassert i medisinsk klinikk i Helse Fonna, under barneavdelinga i sjukehuset og samarbeidet med gynekologisk poliklinikk er tett.  Dette for at ein skal få brei tilgang til målgruppen i samband med svangerskap og fødsel.
– For målgruppa blir oppfølging hos Familieambulatoriet  ei naturleg del av svangerskapsoppfølgingen, seier de to medarbeidarane.

Bilde av Kjersti Nygaard Bårdsen og Solveig Haraldseid

Solveig Haraldseid (th) og Kjersti Nygaard Bårdsen arbeider i teamet, den siste som leder.

Samarbeidsrelasjonar

I samarbeid med andre hjelpeinstansar, bidreg medarbeidarane til at familien samla får den hjelpa som skal til for å trygge barnet sin omsorgssituasjon. Ambulatoriet har ei samarbeidsavtale med Haugaland A-senter og CRUX Solstrand barnevernsenter (foreldre og barn-avdeling) om fagleg utveksling og samarbeid om felles pasientar/brukarar.

Dei kliniske oppgåvene til teamet er

• Kartlegging av ressursar og hjelpebehov i familien
• Forsterka svangerskapsomsorg og samtalar for å førebu til fødsel og foreldreskap
• Individuelt tilpassa oppfølging etter fødsel
• Retteleiing og råd knytt til barnet si utvikling og behov blant anna gjennom oppfølgande barneundersøkingar
• Bistand i møtet med hjelpeapparatet ved å vere en «følgjesvenn» til andre instansar

Obligatoriske barneundersøkingar

Barneundersøkingar er ei obligatorisk del av tilbodet til kvar familie. Dei vert gjennomførde ved 2- og 6-måneders alder, etter eitt år og deretter årleg. Psykolog og barnelege har hovedansvar for gjennomføringa, men familien sin kontaktperson i Familieambulatoriet deltek også.

– Når andre instansar er inne i biletet har vi ei mindre aktiv rolle, men vi bistår gjerne i å etablere tenestenettverk rundt familiane for å sikre samanheng i oppfølginga for den vaksne og for barnet, seier Kjersti Nygaard Bårdsen.
Når det gjeld barn i LAR og barn av gravide med medikament og rusmiddelbruk  skal teamet gi oppfølging på eige grunnlag og uavhengig av om foreldra sjølve har tilbod i familieambulatoriet. Frå 2018 er ein egen tiltakskjede danna for å sikre oppfølgings for barn som har vore eksponerte for LAR/rusmidler/medikamenter i svangerskapet.

Tilvising frå mange instansar

Målgruppa for familieambulatoriet er gravide og småbarnsforeldre med barn fra 0-6 år som har/har hatt eit problematisk forhold til alkohol og/eller andre rusmidlar og medikament eller utfordringar med psykisk helse. Både foreldra sjølve og andre hjelpeinstansar kan kontakte teamet direkte. Ventetida er kort og rammene fleksible.

Et høgt antall pasientar tilvises til teamet fra gynekologisk poliklinikk eller fra ultralyd-jordmødre i svangerskapet. Andre tilvises fra fødeavdelingen, nyfødtintensiv, DPS, helsestasjon eller jordmødre i kommunen, psykisk helsetjeneste og rustjeneste i kommunen, barneverntjenesten, samt fra Haugaland A-senter og noen fastleger. Til no (hausten 2018) har teamet hatt tibod til 125 vaksne og 78 barn, av desse er om lag halvparten aktive brukarar. 30 prosent av familiene utfordringer med rus og 70 prosent med psykisk helse.

Evaluering

Ein evalueringsrapport om Familieambulatoriet vart laga i 2016 av FoU-enhet for samhandling (FOUSAM). Den konkluderte at Familieambulatoriet i stor grad oppfylte målsetninga med tilbodet, og at brukarar og samarbeidspartnarar var godt fornøyde med tenesta. «Sammen om en god start: Familieambulatoriet i Helse Fonna-regionen»