Ny i TSB - Berit Aasen

I denne spalta kan du bli kjent med nye TSB-leiarar. Først ut er Berit Aasen, som 1. januar starta i stillinga som leiar i Seksjon Voksen, Oslo universitetssykehus.

 

​Korfor ynskjer du å være leiar i TSB?
–Eg er utdanna sjukepleiar og har arbeidet som leiar i kommunalhelsetenesta i store deler av mi karriere. Eg har på ulike arena jobba med å innføre samhandlingsreforma, og har sett kor viktig det er å sikre dei gode pasientovergangane. Da eg bestemte meg for å flytte tilbake til Oslo tenkte eg at eg ville søke nye faglige utfordringar. Eg har gjennom mi karriere i kommunal helseteneste sett dei utfordringar som er med pasientar som blir tilbakeført frå spesialisert rus- og psykiatribehandling til kommunen. Overgangen mellom tenestene er ofte det som svikter, frå både kommunen og spesialisthelsetenesta. Eg tenkte derfor at eg med min bakgrunn fra kommunen hadde noko å bidra med inn i TSB.

Kva kan du ta med deg av tidligare arbeidsrøynsle inn i arbeidet med å leie i TSB?
–Etter å ha arbeidet som leiar i ulike stillingar i kommunal helseteneste i mange år, kan eg bidra med eit anna perspektiv. Særleg overgangen mellom kommunehelseteneste og spesialisthelseteneste tenkar eg kan bli smidigare. Eg har sjølv opplevd at kommunikasjonen mellom partane kan bidra til at overgangen til pasientane ikkje blir så gode som ønskeleg.
Eg tenkjer at me som helsepersonell og hjelpeapparat rundt pasienten må ha eit felles mål om å skape koordinerte og faglige gode tenester til pasienten. Dette gjelder både når pasienten er i behandling i TSB, både poliklinisk og ved døgnbehandling. Vi må og saman bidra til at overgangen til kommunen blir god. Om me klarer det kan me gjøre at pasientane lykkes bedre i sin kvardag etter endt behandling.
Eg har i mitt arbeid som leiar arbeidet mye med omstilling, arbeidsmiljø og å sette kompetansehevende tiltak i system. Dette er erfaring som eg allereie nå har sett er nyttig i arbeidet mitt som leiar i TSB.

Kor er di merksemd om 10 år?
–Målet må vere at me med tida vil drive eit forskningsbasert behandlingstilbod, som me vet gir kvalitativ god pasientbehandling og gode forløp.
ARA har ein langsiktig plan med uttalte strategiske mål. Dette er noko me i fellesskap må implementere i alle ledd i avdelinga. Eg har over tid sett kor viktig det er å sørgje for ein struktur for kunnskapsformidling til våre tilsette. Kompetanseheving må vere satt i system og der må vere ein langsiktig plan for kva kunnskap det er behov for at tilsette innehar. Dette for å sikre at tilsette har den kunnskapen som trengs for å gjøre pasientbehandling så god som mulig, og i tråd med kva forskinga viser.
Ved Seksjon voksen er me godt i gang med å sette ting i system, og dette er gjort i tett samarbeid med tillitsvalde. Det er innført fagråd for seksjonen og lagt ein plan for fagdagar per eining for hausten.

Kva bok har inspirert deg som leiar?
–Det er vanskelig å trekke fram ei bok, men om eg heller kan trekke fram ein foreleser som eg har hatt på mi vidareutdanning ved Høgskulen i Volda. Professor i samfunnstutvikling og leiing, Roar Amdam, har vore til stor inspirasjon i min utvikling som leiar. Førelesningane hans gav meg ein større forståing for korleis planlegging kan vere eit verktøy for å oppnå ønsket utvikling i både organisasjonar og samfunnet.
Eg har og hatt glede av å samarbeide tett med han i utviklinga av eit leiarprosjekt, då eg var kommunalsjef i Hareid kommune. 

Dette gir meg ny energi:
–Eg trives best på jobb når eg får ha påverknad på dei avgjerdene som skal fattast. Det er vel grunnen til at eg valde å bli leiar i sin tid.
Det gir meg energi når eg opplever ein god dialog med mine kollegaer, og at eg som leiar kan bidra til at dei får utøve sitt fag på ein god måte.
Eg tenker at alle på seksjonen er like viktig for at oppgåvene skal løss på best mulig måte. Om du ser for deg eit tannhjul så må alle dela vere på plass for at det skal gå rundt, ingen del har ein viktigare rolle enn den andre. Det er slik eg ser for meg en god arbeidsplass, med eit positivt arbeidsmiljø.
I sommar har eg fått sjanse til å få eit innblikk i korleis arbeidskvardagen for de tilsette i turnus er, og det har vært svært lærerikt for meg til å kunne forstå kvardagens utfordringar for de tilsette.

Eg har tre barn og tre bonusbarn som alle bor i Oslo området fra hausten av, det blir kjekt å vere samla her nede alle samen. Eg har etter at eg flyttet til Oslo brukt tid å bli kjent med byen igjen. Eg bur rett ved Akerselva så turområdet der har eg allereie blitt veldig glad i.
Det blir og nokon turar heim til Sunnmøre for å besøke familie og vener, og høve til å gå i fjellet.