Norskutvikla feedbackverktøy legg vekt på brukarmedverknad

System der pasientar gir strukturert sjølvrapportering om korleis dei har det og kva behov dei har, viser seg å kunne betre effekt av behandling. Likevel er dei sjeldan å sjå i klinisk praksis. Men no er eit slikt  system utvikla i Noreg, og innovasjonen prøvd av 600 pasientar.

Innovatørar i Helse Førde: Geir Helge Møller og Christian Moltu tar feedback-målingar eit skritt vidare med NORSE.

Feedbackverktøy er tilrådd som verkemiddel for å overvaka fram- og tilbakegang mellom anna i rusbehandling, samt for å gjere det enklare å tilpasse behandlinga måla som pasienten ønskjer. Til no har ingen feedback-verktøy vist seg 100 prosent egna for norske forhold.

Det første norske feedbackverktøyet som vert utvikla har namnet NORSE (Norwegian Outcome Response System for Evaluation) og brukast no i Helse Førde HF. Det er fullelektronisk og måler rusavhengighet og psykisk helse, pasienten sine ressursar og korleis han eller ho opplever alliansen med behandlaren sin undervegs i behandlinga.

I 2014 starta professor og leiar for gruppa for psykisk helse- og avhengigheitsforsking i Helse Førde, Christian Moltu, forskinga som leda fram til instrumentet, saman med medforskar Samuel Nordberg. Sidan har dei samarbeidd med mange klinikarar og pasientar i Psykiatrisk klinikk ved Helse Førde om utviklinga av NORSE. I dag er Christian Moltu fagsjef for og Geir Helge Møller prosjektutviklar i NORSE-prosjektet, der fleire andre forskarar og er tilknytta.

- Sårbare pasientgrupper kan få betre effekt

– Årsaka til at vi starta, var kunnskapen om at ein del av pasientane i psykisk helsevern ikkje såg ut til å ha god nok nytte av behandlinga. Ei lita gruppe pasientar får det også verre undervegs! Tanken var at om behandlar får meir kunnskap om mønster i pasienten sin tilstand, vert gjort bevisst på ulike risiki og ikkje minst får eit fokus på dei ressursane pasienten rår over, så vil vi kunne betre behandlingseffekten betrakteleg for sårbare pasientgrupper, seier Christian Moltu.

Fagsjefen syntes ikkje verktøya som fantes svarte heilt på behov for å få eit samansett bilete av situasjonen til pasienten, å gjere samval og å få til reell brukarmedverknad. Dei skåra heller ikkje høgt nok på implementeringsvennlegheit.

Auke invilvering og samval

Prosjektutviklar Geir Helge Møller er sjukepleier og har vore leiar for ein ruspost i Helse Førde. Auka sjanse for at pasientar kan medverke meir i behandlinga var hans drivkraft for å gå inn i arbeidet med NORSE:
– Det er sannsynleg at NORSE kan brukast til å auke involvering og samval, seier han.

«Lærande» og tilpassa den einskilde pasient

NORSE inviterer pasientane til å sjølvrapportere digitalt på nettbrett, mobil eller PC. Dei logger seg inn via bank-ID før kvar behandlingstime eller ein gang i veka viss dei er på sengepost. (se illustrasjonsvideo)

Første gang dei fyller ut, tar det 15–20 minutt, men seinare treng ein berre nytte 5 minutt på utfyllinga. Med det same sjølvrapporten er sendt inn, lagar NORSE til ein grafisk rapport som behandlar og pasient kan bruke i behandlinga.

NORSE er adaptivt og persontilpassa. Det tyder at det «lærer» av svara til den einskilde pasienten og tilpassar skjemaet dynamisk utover i prosessen: spørsmåla snevrar seg inn frå eit vidt spekter til berre å handle om dimensjonane som er mest relevante for den einskilde her og no.



Statsministeren ville lære

Halvanna år etter starten har kring 600 pasientar brukt NORSE og mange fagmiljø i inn- og utland har vist interesse. Merksemda om prosjektet førte også til at statsminister Erna Solberg besøkte klinikken for å lære om systemet.

Forskarane som er knytt  til utviklinga av NORSE jobbar til dømes med implementeringsforsking (Runar Hovland) og med korleis verktøyet verkar for ulike pasientar (Stig Magne Solstad).

– Vår strategi for implementering er å trekke klinikarar og pasientar med på å definere kva som er viktig i eit slikt system. Då kjennes det også meir meiningsfullt å ta det i bruk, seier Christian Moltu.

Opnar for konstruktiv kritikk

Dei fleste brukarane held til i Helse Vest, der den tekniske løysinga er installert.
– Korleis har pasientane teke imot verktøyet?
– Vi veit til dømes at dei fleste vel å fylle ut skjemaet heimafrå. Ei ulempe med systemet er at det krev bank-ID, seier Geir Helge Møller; – ikkje alle pasientar i TSB har ein slik. Dette skal løysast snarast råd.
– Ei hyppig tilbakemelding er elles at det opplevast som enklare å gje behandlar skriftleg kritikk via dette systemet enn andlet-til-andlet.  

Møller og Moltu er peikar at ein viktig effekt av implementeringa av NORSE er styrka behandlarkultur; innstillinga til å la seg «omstille» til pasientens mål og behov.
– Vi meiner at systemet opnar for betre pasientmedverknad i behandlinga, og at det vil vere med på å jamne ut maktforskjellane som ligg der i møtet mellom behandlar og pasient, seier Christian Moltu.

Se meir utfyllande presentasjon av NORSE på YouTube

Last ned plakat