HELSENORGE

Høyt blodtrykk

Høgt blodtrykk (hypertensjon) er ein svært vanleg tilstand, som er vanlegare di eldre ein blir. Høgt blodtrykk aukar risikoen for hjartekarsjukdom, hjerneslag og nyresjukdom. Dei fleste med høgt blodtrykk blir behandla av fastlegen, men hos enkelte kan det vere aktuelt å tilvise til spesialist.

Innleiing

Cirka  20% av  vaksne har hypertensjon, av dei som er over 60 år har cirka 60% det. Blodtrykk over 140/90 blir vanlegvis rekna som for høgt.

Hos over 90% finn ein inga spesiell årsak til hypertensjon, men arvelegheit, overvekt, røyking, høgt saltinntak og stress kan bidra. Hvis blodtrykket ikkje er svært høgt, vil ein oftast prøva ein periode med livsstilsforandringar før ein startar med blodtrykksmedisin.

I første omgang er det fastlegen som utgreiar og behandlar høgt blodtrykk. Om det er mistanke om underliggjande årsak (som nyresjukdom, hormonsjukdom eller hjartekarsykdom) eller at blodtrykket er svært vanskeleg å behandle kan det vere aktuelt å tilvise til spesialist i nyresjukdommar, hjartesjukdommar, eller hormonsjukdommar.

Tilvising og vurdering

Helsepersonell

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Helsepersonell

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Før fastlegen tilviser ein pasient med høgt blodtrykk, må det vere tatt vanlege blodprøvar blant anna med tanke på nyrefunksjon, blodsukker og saltinnhald i blodet.  

Ein må også ta urinprøve for å sjekke om det er blod eller protein i urinen, samt EKG-undersøking av hjartet.  

Om blodtrykket er vanskeleg å behandle, er hovudregelen at dersom ein ikkje får god kontroll på blodtrykket med 3 ulike typar blodtrykksmedisin (derav eit vanndrivande middel) i full dose, kan ein tilvise til spesialist. Ein kan også tilvise til spesialist om ein får mistanke om bakanforliggjande årsak til høgt blodtrykk (som nyresjukdom eller hormonsjukdom). 

Utgreiing

Når du får tildelt time, vil du bli bedt om å ta med medisinlista di. Urinprøve og evt. blodprøvar kan bli tatt før eller i samband med timen.

Kva skjer på sjukehuset?

På poliklinikken vil du gjennomgå ei vanleg klinisk undersøking der ein sjekkar blodtrykket, lyttar på hjarte og lunger, tar blod- og urinprøvar, og eventuelt rekvirerar andre undersøkingar av hjarte, nyrer med meir. Det kan og vere aktuelt å gjere ei 24-timars undersøking av blodtrykket, der du blir kobla på eit blodtrykksapparat som måler blodtrykket med ½ til 1 times mellomrom gjennom eit døgn.

Aktuell utgreiing kan omfatte ultralydundersøking av hjarte og nyrer, blod og urinprøvar til undersøking av spesielle hormonar. Ved slike undersøkingar kan det hende at ein må bytte ut eller slutte med einskilde blodtrykksmedisinar for ein periode. Andre røntgenundersøkinger som CT eller MR av nyrer, hjarte eller blodkar kan og vere aktuelt.

Kor lang tid tar utgreiinga?

Når ein har vore til time på sjukehuset, kan det ta opptil eit par månader før ein er ferdig utgreia dersom det må gjerast ekstraundersøkingar. I denne tida vil ein vere heime og leve som normalt.

Behandling

På sjukehuset vil ein leite etter underliggjande årsaker til høgt blodtrykk,  og behandle blodtrykket så godt som mogleg, oftast må ein bruke fleire typar medikament, og trappe opp behandlinga gradvis over veker og månader. Dette skjer i samarbeid med fastlegen. 

Dersom ein finn ei spesifikk årsak som kan behandlast (for eksempel visse hormonforstyrringar eller forandringar i blodårane til nyrene), blir det vurdert om dette kan gjerast noko med.

Som oftast finn ein ingen bakanforliggjande årsak som kan behandlast slik at blodtrykket blir normalt. Då behandlar ein blodtrykket så godt som mogleg på andre måtar.

I tillegg til livsstilsråd som vektnedgang, røykeslutt, minska saltinntak og sunnare livsstil, vil behandlinga bestå av medisinar, oftast fleire typar i kombinasjon. Dette blir gjort over tid i samarbeid med fastlegen.

Hos dei fleste er høgt blodtrykk ein tilstand som krev livslang behandling med blodtrykksmedisinar, i tillegg til ein sunn livsstil.

Oppfølging

Om ein etter utgreiing ikkje finn ei spesiell årsak som kan behandlast, består vidare oppfølging av å prøva å få blodtrykket så godt som mogleg.

Hos pasientar med diabetes og nyresjukdom ønsker ein at blodtrykket skal vere under 130/80, hos andre under 140/90. Hos dei som er over 80 år vil ein kunna tillata høgare blodtrykk opptil 150/90. Ein må også sjå an korleis den enkelte pasient toler ulike typar medisinar, og av og til godta høgare blodtrykksverdiar.

Dei fleste pasientar vil så kunne følgast opp av fastlege, evt. i samarbeid med spesialist på sjukehuset om dei har andre kompliserande tilstandar som hjartesjukdom, nyresjukdom eller diabetes. 

Fant du det du lette etter?