Behandling, Utskifting av blodårer i hjertet
Hjerteoperasjon bypass
En by-pass operasjon er et inngrep hvor vi åpner brystkassen og syr inn en eller flere årer. Årene blir tatt fra et annet sted på kroppen din. Blodet blir ledet forbi de trange partiene i koronararteriene og gir hjertemuskelen økt tilførsel av blod.Før
Under
På operasjonsavdelinga:
Når du kjem til operasjonsavdelinga, blir du tatt imot av legen og sjukepleiaren som skal gi deg narkosen. Du får ein kanyle (lite, tynt plastrøyr) i ei blodåre på handa di og medisinar som gjer at du sovnar.
Når du sovnar, legg anestesipersonalet eit røyr ned i luftrøyret ditt. Dette gjer vi fordi du under operasjonen blir kopla til ein pustemaskin (respirator), som hjelper deg med å puste. I tillegg legg vi inn eit urinkateter i urinblæra.
Operasjonen startar med at brystbeinet blir delt i to slik at ein kan brette brystbein og ribbein til side for å komme til hjartet. Under inngrepet er det vanleg at to kirurgar samarbeider. Ein spaltar brystkassen og opererer ut ei blodåre frå innsida av brystkassen og gjer klar for sjølve by-pass inngrepet.
Den andre kirurgen opererer ut ei blodåre frå leggen og gjer denne klar til bruk på hjartet. Deretter blir du kopla til hjarte-lungemaskin, som blir nøye overvaka mens kirurgen arbeider med hjartet.
Kirurgane samarbeider om å sy dei nye blodårene inn i hovudpulsåra (aorta) og inn i kransåra utanfor det tronge partiet. I mange tilfelle er det nødvendig med tre–fem slike nye årer. Under den delen av operasjonen der dei nye blodårene blir sydd på plass, blir hjartet stoppa, og hjarte-lungemaskinen sikrar nå blodomløpet til kroppen. Ved slutten av operasjonen legg kirurgen inn ein slange (thoraxdren) for å drenere væske frå operasjonssåret. Brystbeinet blir lukka med fleire ståltrådar som blir i kroppen etter operasjonen.
Operasjonen varer vanlegvis i to–tre timar, men dette kan variere.
Etter
Etter operasjonen blir du flytt til intensivavdelinga, der du blir halde sovande ytterlegare eit par timar. Etter vekking blir røyret på halsen din fjerna, og du kan puste sjølv igjen. Du blir liggande på intensivavdelinga til neste morgon. Då fjernar vi blant anna dren som blei lagt inn under operasjonen. Dei fleste pasientane er i fin form til å sitte i stol og ete frukost.
Ein–to dagar etter operasjonen blir du flytt til sengepostens overvakingsrom. I overvakingsperioden er du kopla til ein del utstyr og slangar. Vi overvaker blant anna blodtrykk, hjarterytme, pustefunksjon og væskebalanse. To–tre dagar etter inngrepet vil det meste av slangar og leidningar bli fjerna, og du blir flytt til eit vanleg pasientrom.
Dei fleste pasientane kan flytte til lokalsjukehuset sitt tre–fire dagar etter inngrepet. Totalt opphald på sjukehus er vanlegvis om lag ei veke.
Besøk operasjonsdagen
Du kan ta imot eit kort besøk (berre nærmaste pårørande) ut på kvelden operasjonsdagen.
Oppfølging
Vanlegvis kan fastlegen følge deg opp med tilsyn av sår, med fjerning av sting osv. etter operasjonen . Vi avtaler ingen kontroll ved vår avdeling.
Utreisesamtale og førebuinga til heimreise
Tidspunkt for heimreise avtaler du med lege og sjukepleiar på visitt ein–tre dagar før utskriving. Kvelden før du blir skrive ut, får du ei utreisesamtale med lege. Legen sørger for at fastlegen din og lokalsjukehuset ditt blir orientert om operasjonen og behandlinga hos oss (sender epikrise).
Vær oppmerksom
Kontakt avdelinga dersom du får nokre av disse plagene:
- Tung pust
- Bløding i såret
- Væske fra såret
- Aukande hevelse, raude eller smerte frå såret
- Aukande hevelse i eit eller begge bein
- Sjukdomskjensle/nedsett allmenntilstand
- Svimmelheit eller svime
- Feber
Blir du akutt sjuk, ring 113.
Kontakt
Rikshospitalet
Thoraxkirurgisk avdeling
Kontakt Thoraxkirurgisk avdeling
Oppmøtested
Thoraxkirurgisk avdeling, Rikshospitalet
Sognsvannsveien 20
Thoraxkirurgisk avdeling, Ullevål sykehus
Kirkeveien 166
Rikshospitalet
Sognsvannsveien 20
0372 Oslo
Transport
Praktisk informasjon
Kurs
- Hjerterehabilitering 2AEn viktig del av behandlingen til deg som nylig har vært innlagt for behandling av trange blodårer i hjertet eller operert hjerteklaff.Hjerterehabilitering 2ADato kommer