Behandling
Pacemakerinnleggelse
En pacemaker er et lite apparat med batteri og ledninger som vi opererer inn under huden din for å kunne behandle hjerterytmeforstyrrelser som fører til lav og/eller ujevn puls.Før
- Du skal faste frå midnatt dagen før operasjonen. Det vil seie at du ikkje skal ete eller drikke. Du skal heller ikkje røyke eller snuse, tygge tyggegummi eller ete sukkertøy. Du kan drikke litt (nokre munnfullar) vatn til medisinar.
- Vanlegvis skal du ta dei faste medisinane dine om morgonen. Dersom du bruker blodfortynnande medisinar som Marevan® (Warfarin), Pradaxa® (Dabigatraneteksilat), Xarelto® (Rivaroksaban), Lixiana® (Edoksaban) eller Eliquis® (Apiksaban), gjeld eigne retningslinjer. Du får beskjed om kva medisinar du skal ta.
- Du skal dusje kvelden før operasjonen eller same morgon. Ved behov blir brystkassen barbert. Du skal ha på deg reint tøy, og du må ta av naglelakk, smykke og klokke.
- Det blir lagt inn ein venekanyle på armen, slik at du kan få medikament og væske direkte i blodåra under operasjonen. Før operasjonen får du smertestillande og roande medikament.
Under
Du får lokalbedøving og lagar eit snitt i huda der pacemakeren skal bli plassert, vanlegvis øvst på venstre side av brystkassen like under kragebeinet. Du er vaken under heile operasjonen, og lege og sjukepleiarar snakkar med deg undervegs. Sjukepleiaren gir deg nødvendig smertestillande eller roande medikament ved behov. Vi bruker gjennomlysing med røntgen når leidningen(ane) skal plasserast i hjartet. Til slutt syr vi huda saman over pacemakeren og legg ein bandasje og kompresjonsrull over.
Operasjonen tar vanlegvis under ein time.
Etter
Etter operasjonen blir du observert av sjukepleiar på sengepost. Du må ligge i senga dei første timane og unngå store bevegelsar med armen nærmast operasjonssåret.
Før du reiser heim, vil pacemakeren og bandasjen bli kontrollert. Du kan vanlegvis reise heim dagen etter operasjonen.
Du får eit kort (Norwegian Pacemaker Registry) utlevert før heimreise. I kortet står viktige opplysningar om pacemakeren din. Dette kortet bør du alltid bere med deg. Kortet skal bli oppdatert ved vesentlege endringar.
Bilkøyring etter operasjonen vurderer vi individuelt ut frå årsaka til at du fekk ein pacemaker og grunnsjukdommen din. Før heimreisa vil legen gi deg informasjon om korleis du skal forhalde deg til bilkøyring.
Etter at du har fått operert inn ein pacemaker, skal du til poliklinisk førstegongskontroll ved lokalsjukehuset ditt. Dette er vanlegvis to til tre veker etter operasjonen. Har du registrert deg på helsenorge.no, vil du få SMS-varsel om poliklinisk time. I tillegg vil du få brev i posten med informasjon om tid og oppmøtestad.
Etter heimreise
Operasjonssåret vil kunne vere litt ubehageleg mens det gror. Paracet vil som regel vere tilstrekkeleg som smertebehandling.
Hald bandasjen tørr dei første 14 dagane for å hindre infeksjon. Du skal ikkje dusje dei to første vekene. Du kan ikkje ta karbad, badstue eller bade i basseng/sjø 4–6 veker etter operasjonen.
Du skal ikkje skifte eller ta av bandasjen dei første 14 dagane. Om dette likevel skulle vere nødvendig, skal den bli skifta på det lokale sjukehuset ditt.
Stinga forsvinn av seg sjølv og skal ikkje bli fjerna.
For at arret skal bli finast mogleg, kan du sette på ein tape (silikontape er anbefalt) som held det saman i ytterlegare 14 dagar. Skjerm arret for direkte sollys dei første 3–6 seks månadene.
Ver merksam på teikn til infeksjon. Teikna kan vere raudleik, ømheit, hevelse eller smerte omkring operasjonssåret. Dersom huda har blitt så tynn at du kan skimte hjartestartaren, må du kontakte lege.
Vær oppmerksom
Komplikasjonar av operasjonen er sjeldne, men det som kan skje, er:
- Bløding i operasjonssåret
- Aukande hevelse eller smerte frå operasjonssåret
- Feber
- Aukande svimmelheit eller at du svimar av
Dersom noko av dette skulle skje innan dei første 14 dagane, skal du ta kontakt med sjukehuset som opererte deg. Utover dette må du ta kontakt med fastlege/legevakt for vurdering.