Distal radiusfraktur, konservativ behandling
Håndleddsbrudd og gipsing
Håndleddsbrudd er en av de vanligste bruddtypene, og er brudd like ovenfor eller i selve håndleddet. Bruddet må som oftest settes på plass i riktig stilling før gipsing. I de tilfellene hvor operasjon ikke er nødvendig, vil en gips være tilstrekkelig behandling for håndleddsbruddet. Gipsbehandlingen varer vanligvis i fire til seks uker.
Før
Handleddsbrot er ein akutt skade og blir vanlegvis behandla med gips same dag. Gipsbehandlinga skjer som oftast på legevakt, men nokre gonger også i akuttmottak på sjukehus.
Under
Før gipsing vil du få lokalbedøving. Brotet kan deretter bli satt på plass (reponeres). Gipsen blir lagt slik at brotet skal gro i best mogleg stilling.
Etter
Gipsen må ikkje dekkjast av klær, dyne eller liknande første døgnet etter den er lagt på, dette fordi gipsen treng luft for å tørke heilt.
Etter 10-12 dagar blir brotet kontrollert med eit røntgenbilde ved behov.
Medan gipsen er på er det viktig å:
- Halde handa over hjartehøgde. Dette gjeld særleg dei første 1-2 vekene, og dersom fingrane har tendens til å hovne opp.
- Stadig bevege fingrane uten å bruke for mykje kraft, det vil seie knyte og strekkje fingrane fullstendig. Om dette er vanskeleg, kan den motsatte handa bli brukt til å hjelpe til. Se mer detaljert under «Beveg fingrane».
- Trene bøy og strekk i olbogeleddet og løfte heile armen høgt over hovudet slik at ikkje skuldaren ikkje stivnar.
- Dekkje gipsen med ein tett plastpose som teipast til huda når du dusjar. Kalkgips blir øydelagt i vatn. Kunstgipsen toler vatn, men huda under gipsen kan ta skade av fuktigheita. Du får kjøpt eigna dusjposer på apoteket.
Armen skal ikkje leggjast i fatle. Etter kvart kan armen brukast til lettare gjeremål.
Informasjon frå fysioterapeut
Vær oppmerksom
Dersom du opplever auka hevelse i fingrane og auka smerte, kan dette vere teikn på for stram gips. Om det ikkje hjelper å bevege fingrane og å heve armen, bør du straks ta kontakt med lege. Dersom du er i tvil, ring lege for råd.
Du bør vente med å køyre bil sjølv til du kan bevege handleddet godt.
Kontakt
Ullevål sykehus
Ortopedisk avdeling Ullevål
Oppmøtested
Poliklinikk Bygg 6, inngang B, 1. etasje
Sengeposter Bygg 7A, 2. etasje
Ergo- og fysioterapienhetene Bygg 7A, 2. etasje

Ullevål sykehus
Kirkeveien 166
0450 Oslo